jump to navigation

Spørsmål og svar (Kamilla) august 12, 2007

Posted by polyamori in forhold, Glimt fra livet, Kjærlighet, polyamori, polyamory, relasjoner.
trackback

– Fins det kjærleiksrelasjonar utan løgn?
Eg håper det.

– Er det mogeleg å vere heilt ærlege mot kvarandre i eit forhold?

Er det å vere heilt ærlege mot kvarandre eit mål i seg sjølv? Eg trur det går an å la vere å lyge, men eg trur ikkje det går an å vise alt av seg sjølv til nokon. Eg ser heller ikkje kvifor dette skulle vere ønskeleg. Eg ønsker ikkje å utlevere alt av meg sjølv til noko anna menneske, det er altfor skummelt.

– Viss eg likar ho, tyder det at eg likar deg mindre?
Nei. Eg funkar ikkje slik. Det kan bety det, men det behøv slett ikkje bety det.

– Viss eg likar ho, tyder det at eg får deg til å føle at eg likar deg mindre?

Der kjem problemet inn. ja, eg trur det.

– Kvifor er det mindre galt å vere utro i tankane enn å vere det fysisk?

Den må nokon andre forklare meg, den skjønnar eg ikkje.

– Kvifor er det galt å vere utro?
Utroskap er brot på ein avtale mellom to menneske. Men mykje av det som blir rekna som utroskap reknar ikkje eg som utroskap, fordi eine parten pressar den andre parten inn i ein avtale som den andre ikkje er komfortabel med. dersom det å ha sex med andre skal vere utroskap, må ein vite at begge partar ønskar eit monogamt forhold.

– Kven avgjer kva som er rett og galt?
heteronormativiteten. æsj.

– Er ein eit dårleg menneske dersom ein blir mykje sjalu?
nope. Å bli sjalu er naturleg. Ein er derimot eit dårleg menneske dersom ein brukar sin eigen sjalusi på å kontrollere kjærasten sin.

– Kvifor handlar parforhold om å eige og begrense kvarandre?
På grunn av illusjonen om tosamheita. æsj igjen.

– Kvifor ønsker nokon å sette grenser for kjærasten sin i relasjonar til andre menneske?
fordi vedkommande ikkje stolar på han eller ho.

– Kjem eg til å oppleve kompersjon?

vi får sjå…

– Kjem eg til å såre andre ved å vere meg sjølv?
Eg håper ikkje det. Men det er ingenting til no i livet mitt som tilseier at deg ikkje kjem til å gjere det.

*

Kamilla. Gjengitt med tillatelse.

Advertisements

Kommentarer»

1. “Gnaur” » Blog Archive » Polyamori vs heteronormativitet - mars 17, 2008

[…] Jeg fant noen spørsmål og svar, jeg kan godt svare på dem selv, men Kamilla svarer så fint på dem. […]


Legg igjen en kommentar

Fyll inn i feltene under, eller klikk på et ikon for å logge inn:

WordPress.com-logo

Du kommenterer med bruk av din WordPress.com konto. Logg ut / Endre )

Twitter picture

Du kommenterer med bruk av din Twitter konto. Logg ut / Endre )

Facebookbilde

Du kommenterer med bruk av din Facebook konto. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer med bruk av din Google+ konto. Logg ut / Endre )

Kobler til %s

%d bloggers like this: