jump to navigation

Kamilla: Eg er polyamorøs august 10, 2007

Posted by polyamori in forhold, Glimt fra livet, Norsk, polyamori.
trackback

Eg er polyamorøs. Det følast fint å bruke eit ord for det. Eg har jo vore klar over det lenge, eg har berre ikkje brukt det ordet før. Eg trur eg aldri vil inn i eit monogamt forhold. Og eg har innsett at eg aldri kan bli lykkelig i eit monogamt forhold. For i periodane eg har fridom er eg ikkje lykkelig. Og i periodane eg er lykkelig har eg ikkje fridom. Og utan fridom er eg ikkje lykkelig i lengda, berre i korte periodar. Det er som eg får panikk, kjensla av å tilhøyre nokon blir overveldande og ekstremt ubehagelig. Eg seier ikkje at det siste har noko med polyamori å gjere, bere at det er slik eg reagerar. Og forøvrig trur eg alle menneske er polyamorøse, berre i større eller mindre grad. Kvifor har ellers 50 % av alle kvinner og 80 % av alle menn vore utro i løpet av livet? Handlar dette berre om sex? Eller er det fordi mange av dei har kjensler for 2 mennesker samtidig?

Dette betyr ikkje nødvendigvis at eg vil ha fleire kjærleiksforhold samtidig, til no har eg berre snakka om kjenslene mine. Akkurat no veit eg ikkje kva eg vil. Kanskje kjem eg til å ende opp med to kjærestar, kanskje kjem kjæresten min til å ha ein kjæreste til, eller kanskje kjem eg til å ende opp aleine. Kanskje kjem eg til å finne ei eg er glad i, kanskje ikkje. kanskje to. eg veit ikkje. Med ein gong ein åpner opp for polyamori blir mogelegheitene plutselig så mange.

…og dette følast så innmari som ei komme ut-historie. Kanskje er det litt det også. Men det var egentlig ikkje intensjonen.

*

Kamilla.

Advertisements

Kommentarer»

No comments yet — be the first.

Legg igjen en kommentar

Fyll inn i feltene under, eller klikk på et ikon for å logge inn:

WordPress.com-logo

Du kommenterer med bruk av din WordPress.com konto. Logg ut / Endre )

Twitter picture

Du kommenterer med bruk av din Twitter konto. Logg ut / Endre )

Facebookbilde

Du kommenterer med bruk av din Facebook konto. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer med bruk av din Google+ konto. Logg ut / Endre )

Kobler til %s

%d bloggers like this: